Vestbøstad 
Vel 


Velforening for Vestbøstad

 


 Framsio
 Om Vestbøstad
 Styret
 Prosjekt
 Gjestebok

 

 

 

 

 

 

 

Engevik og Tislevoll


Spar Fitjar

   Antall besøkjande:

         Hit Counter

 

Velfest og årsmøte.

(29. mars 2009)

tyjtjy

Martin held quiz.

Laurdag 14 mars vart det avvikla årsmøte og velfest på Dahlebuo. Les meir

 

Påmelding til Velfesten.

(24. febuar 2009)

Velfesten blir den 14. mars på Fitjartun, få med naboen og meld dåke på!

Les meir

 

 

Nyttårsfeiring!

(29.desember 2008)

 

Vestbøstad Vel inviterer til felles oppskyting av fyrverkeri ved ballplassen, nyttårsaften klokka 24.00. Vel-laget har kjøpt inn fyrverkeri for kr. 3000.-

For å ivareta sikkerheten, oppmodar me andre til å benytta felles oppskytingsrampe.

PS: Styret jobbar med å lage til årsmøte og årsfest 24. januar, hold av denne helga, me kjem tilbake med meir informasjon.

 

Styret i Vestbøstad Vel ynskjer alle eit Godt Nytt År!

 

BMX banen godt igong

(16.november 2008)

Arbeidet med å opparbeida arealet for BMX bane er no komme godt igang. Steinmassar er fyllt i mellom vegen og grusbanen og på enden av grusbanen. Når dette er ferdig, er neste steg å utforma sjølve BMX løypa. Styret ynskjer forsatt innspel og hjelp til dette.

 

Midlar til BMX-bane innvilga!

(19.oktober 2008)

Etter at ungane i feltet hadde underskriftskampanje for å få bygd ein sykkelbane på Vestbøstad, har styret prøvd å få tak i midlar til dette.

Fylkeskommunen har no innvilga ein søknad på 40.000 i tippemidlar til bygging av BMX-bane ved grusbanen. Arbeidet er alt i gang med avgraving og fylling av dreneringsmasse.

Tidlegare har Fitjar Framøve tildelt 10.000 til dette prosjektet, så no skulle det la seg gjera å få ferdigstillt dette innan rimeleg tid.

Me i styret ynskjer ein idemyldring og inviterer til allmøte på ballplassen Søndag 9. november kl 15.00

Det må tas stilling til korleis banen skal utformast og kven som drar lasset vidare. So har du ein god ide til utføringa eller ynskjer å delta på dette prosjektet, still opp.

Me vil også prøva å få med ein representant frå kommunen.

 


 

Endelig er lekeplassen ferdig!!

(18.September 2008)

Les meir om den flotte opningsfesten her!

 


Offisiell opning av lekeplassen i skogen vert på søndag 14. September kl.13.00.

Etter ein omfattande dugnadsjobb er no lekeplassen i skogen klar for opning. Ordførar Harald Rydland vil stå for den offisielle delen, og er me heldig tar han også ein trall på trekkspelet!

Vestbøstad Vel oppmodar alle i feltet til å møta opp!

 


Bra dugnadsinnsats!

(7.September 2008)

Denne veka har det vore dugnad på leikeplassen i skogen. Oppmøte har vore upåklageleg og mesteparten av arbeidet er gjort. Finpussen gjenstår.

 

Les meir om framdrifta her

 


Sommarfest i strando

(30.August 2008)

Laurdag 16. august hadde ein driftig gjeng med Frode og Martin i spissen invitert til sommarfest i strando.

Det var dekka på langbord, partytelt og musikk var på plass. For 100 kroner kunne dei frammøtte, ca 40 stykker, forsyna seg av eit rikholdig utvalg av sjømat, inkludert ei fantastisk fiske-suppe. Det heile vart ein gedigen suksess og dei siste gjekk ikkje heim før sola stod opp! Me håpar dette kan bli eit årvisst arrangement.

 


 

Oppgradering av lekeplass

(30.August 2008)

Lekeplassen "i skogen" har lenge tronge ein oppgradering.

Det er no sett igong eit omfattande arbeid med å installera nye leikeapparat og "sjaina opp" heile området. Meir om kva som skal gjerast finn du her.

Målet er at i løpet av hausten skal denne lekeplassen framstå som ny, og vera klar for nye utfordringar for små og store ungar.